LATTER, LEIK OG FOTBAD

INTRODUKSJONSKURS PÅ HELGESETER

Eg får beskjed om å ta av meg på beina. Den andre kursdeltakaren som sit ved sida av meg skal salva meg inn med nokre velgjerande og velduftande salver. Eg kjenner meg som Jesus då han vart salva av læresveinane sine. Det har lange tradisjonar dette.

Eg er på Helgeseter sitt introduksjonskurs for nye medarbeiarar og lurer på kor sveitt eg er på beina,og kor sveitt medarbeidaren min er som eg skal smørja inn etterpå.

Eg har alltid høyrt at antroposofane skal vera litt rare, og det ser ut til å stemma. Kvar kursdag vert nemleg innleia med diverse leikar av typen noskalmetapåkvarandreogdetlittskikkeleg. Tanken er vel at deltakarane skal mjukna litt og bli  trygge på kvarandre. Og det ser ut til å virka. Me ler og kosar oss og stemningen er lett og fin.

Me lærer å gå på helane samstundes som me uttalar konsonanten g, me trør midt på foten og seier d og går framme på tærene og uttalar m. Eg er vel gjerne litt i stuss om korfor me gjer dette, men etter kvart får eg ei god innføring om tilhøvet mellom kropp og språk, og korleis dette kan utnyttast terapeutisk. Og eg synest det er interessant.

Og det kan seiast om heile kurset. Det er interessant og inspirerande. Me lærer om massasje, innsmørningar og fotbad. Det siste ser så deileg ut at eg må prøva det på meg sjølv når eg kjem heim. Men det viktigaste er at me får eit innsyn i eit heilskapleg menneskesyn som ligg til grunn for det sterke engasjementet som kjem til uttrykk på dette kurset. Ein idealisme som er å sjå i alt det som skjer her på tunet.

Helgeseter er ein annan klode. Her er gjerne litt underleg, men nettopp derfor er det så godt å vera her. Og forresten. Kona mi vart imponert over julepynten eg hadde laga av tova ull!

 

Kursdeltakar Anders Bakke

Emneord: introduksjonskurs

Utskrift E-post

Relaterte artikler

Kontaktinformasjon

Stiftelsen Virksomheten Helgeseter
Øvre Sædalsvegen 257,
5099 BERGEN
Tel. 55 27 38 40Kontakt oss